Jonny Engebø, Spesialrådgiver ved Lotteri- og stiftelsestilsynet.

 

Denne ukens gjest er Jonny Engebø, Spesialrådgiver ved Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Jonny var den første fra Lotteritilsynet som vi i Spillavhengighet Norge ble kjent med. Dette så langt tilbake som i 2003. Han har alltid vært tilgjengelig når vi har trengt råd og veiledning og har stor kunnskap om pengespill og spilleavhengighet.

Takk Jonny for alle gode råd gjennom mange år.

Kan du fortelle kort hva Lotteritilsynet jobber med, i forhold til spilleavhengighet?

Vi jobbar på fleire felt, og her ein del av oppgåvene: Lotteritilsynet bidreg i regelverksutvikling på pengespelområdet. Vi ser då mellom anna på krav som kan stillast til speleselskapa når det gjeld speleansvar. Vi fører også tilsyn mot speleselskap som har lov å tilby spel i Norge. Då ser vi for eksempel på om dei følger regelverk som er utvikla for å forebygge speleproblem eller redusere skadeverknader. Utanlandske selskap, som ikkje har lov til å tilby spel i Norge, prøver vi å stenge ute. Ein av grunnene til at det er viktig å hindre desse mot å tilby spel til nordmenn, er at selskapa har færre ansvarlegheitstiltak for å beskytte spelarar. Lotteritilsynet, saman med Helsedirektoratet og Medietilsynet, utarbeidar også utkast til Regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. I tillegg samarbeider vi med Sykehuset Innlandet om Hjelpelinja.

Av dei andre felta som vi jobbar på er det innført forbod mot TV-reklame for utanlandske pengespel-selskap. Norske bankar har heller ikkje lov å overføre pengar til eller frå desse selskapa. Begge tiltaka har no god effekt på kvar sine område. Vi har i haust også varsla tvangsmulkt til Trannel og Betsson for at dei tilbyr spel ulovleg i Norge. Trannel tilbyr pengespel frå Unibet, Mariacasino, Storspiller og Bingo.com. Tvangsmulkta til Trannel var starta, men er no midlertidig stansa fram til klagen på tvangsmulkta er ferdig behandla hos klageinstansane.

Hvorfor mener dere det er viktig med en enerettsmodell i Norge?

Modellen er eitt av mange tiltak som styrker speleansvaret i den norske pengespelmarknaden. To ikkje-kommersielle aktørar har den største delen av marknad og i motsetning til hos utanlandske kommersielle aktørar er spelansvar det viktigast formålet til desse verksemdene. Inntekter til formåla er underordna, og dette er også formulert i den nye pengespellova. Norsk Tipping og Norsk Rikstoto har innført fleire tiltak som har redusert omsetninga, men har styrka førebygginga av speleproblem og redusert skadeverknadene for spelarar med problem og familiane deira. Eit eksempel er maksimale tapsgrenser.

Hvordan tror dere spillmarkedet hadde sett ut, uten dagens enerettsmodell?

Det ville blitt større konkurranse i ein marknad som målt i folketal er relativt liten. I Sverige, som er dobbelt så stort, har dei 59 lisensar til kommersielle online-selskap med totalt om lag 200 spelsider på internett. Det seier seg sjølv at vi ville fått hard konkurranse, større tilgjengelegheit og meir marknadsføring. Med kommersielle selskap vil vi også kunne forvente motstand mot innføring av tiltak som effektivt reduserer skade frå problematisk speling, og samtidig reduserer omsetninga. Som eksempel, har Norsk Tipping maksimal tapsgrenser for sine spel, men ville kommersielle aktørar i ein lisensiert marknad vore interessert i å dele på denne tapsgrensa?

Hvordan vil dere jobbe annerledes under den nye pengespilloven som kommer i 2023?

I den nye lova er mål nummer 1 at færre skal utvikle speleproblem og at skadeverknader frå spel blir redusert. Lotteritilsynet får meir arbeid i lys av at vi får utvida tilsyns- og kontrolloppgåver. Blant anna blir speltilbydarar pålagt å ha internkontrollsystem for å vurdere risikoen for at spelarar utviklar problem på spela som blir tilbydd. Vi vil føre tilsyn med at kontrollsystema er på plass. Vidare blir det strengare krav til marknadsføring. Vi får nye verktøy der vi kan føre strengare tilsyn med pengespelmarknaden: Vi får rett til å krevje opplysningar frå speltilbydarar, også dei som opererer ulovleg i Norge, og i frå 2023 kan vi pålegge gebyr til dei som ikkje held seg innanfor norsk regulering på pengespelområdet.

Hva tror du er de største utfordringene spilleavhengige møter på i samfunnet vårt i dag?

For dei som ikkje har bedt om hjelp er stigma eit hinder. Speleproblem trur eg er i ferd med å bli alminneleggjort, men framleis er det nok ein del som møter på stigmatiserande haldningar. For dei som er i ein prosess der dei vil halde fram som spelefrie trur eg at både tilgjengelegheit til einskilde spel og marknadsføring av spel vil vere ei utfordring.

Har du noen gode råd til de som er spilleavhengige, som du vil dele?

Først at den som har fått problem med spel slettes ikkje er åleine. Å ha speleproblem gjeld mange tusen og kan ramme alle. Det positive er at det er hjelp å få.

Det spelaren kan gjere sjølv, er å bruke dei verktøy som finst for ta pause eller stenge seg heilt ute frå spel. Slike verktøy har både Norsk Tipping og Norsk Rikstoto. Utanlandske selskap som tilbyr spel ulovleg i Norge har også slike verktøy, utan at eg veit kor effektive dei er. Slike verktøy er mest tilgjengeleg for nettspel. For spel som ikkje blir tilbydd på internett er det per i dag i liten grad slike verktøy. For å begrense spelinga, kan spelarar også spørre andre om å ta hand om pengane dei har. Det går vidare an å laste ned programvare på telefon og PC som blokkerer for spel. Slikt program kan ein mellom anna få ved å ta kontakt med Spillavhengighet Norge eller Hjelpelinja.

Det er lett å seie at ein må søke hjelp så snart som mogeleg, men dessverre er det fleire som ventar så lenge at konsekvensane blir store. Terskelen for å be om hjelp er høg for mange.

Hjelp kan ein søke i behandlingsapparatet, men ein god del ber først om hjelp hos dei tilboda der det er lågare terskel for å ta kontakt. Hjelpelinja er bemanna med helsepersonell som kjenner spelefeltet godt, og Spillavhengighet Norge har folk med mykje kunnskap basert på eiga erfaring som spelar eller pårørande. Eit anna erfaringsbasert tilbod er GA (Anonyme Gamblere Norge). Alle lågterskel-tenestene har nettsider med informasjon, dei kan nåast på telefon og på e-post. Hjelpelinja kan i tillegg kontaktast via chat. Alle som ein treffer når ein tar kontakt på desse stadene har teieplikt.

Har du et godt tips til pårørende?

Først at dei som kjem i denne situasjonen heller ikkje er åleine, og det er hjelp å få. Hjelpelinja og Spillavhengighet Norge er viktige tenester som også pårørande kan bruke. Gjennom Spillavhengighet Norge kan ein treffe andre som har vore i same situasjon. Behandlingstenester kan og ta pårørande med i behandlinga.

Har du noen gode råd til hva vi som organisasjon bør jobbe mer med?

Fortsett arbeidet med å vere synlege og å hjelpe dei som har fått problem med spel, både spelarar og pårørande. Eg synest Spilleavhengighet Norge også gjer godt arbeid ved å ha dialog med spelselskap og myndigheitene. Det er i tillegg viktig at de peikar på forhold i spelemarknaden som de ser er problemfylte, held fram med å ha skarpe blikk på spelemarknaden og ver kritisk når det trengst. Sei i frå, også til Lotteritilsynet. Uttrykket å gjere kvarandre gode gjeld etter mi meining også på pengespelfeltet.

Hver uke fremover vil vi publisere “Ukens gjest”.
Kjenner du noen vi burde intervjuet? Ta kontakt med oss.